Description du poste
Helsefagarbeidar 100 % fast stilling
Arbeidsstad: Rosendalstunet – midt i vakre Rosendal
Vi søkjer helsefagarbeidar i 100 % fast stilling.
Er du ein helsefagarbeidar med eit ekte engasjement for eldreomsorg – og lyst til å bli del av ein solid gjeng med dyktige fagfolk? Vi ser etter deg som vil bidra til ei verdig omsorg, og som har særleg interesse for geriatrisk arbeid.
Rosendalstunet ligg i Rosendal i vakre Kvinnherad ved Hardangerfjorden. Vi er ein institusjon for eldre og menneske som treng pleie, omsorg og rehabilitering. Her har vi 6 avdelingar og 60 plassar innan langtidsopphald, demens og korttid/rehabilitering. Vi tilbyr eit sterkt fagmiljø tett tverrfagleg samarbeid og god tilgang på treningsfasilitetar.
• Rekrutteringsttilskot på kr. 50.000, med 2 år bindingstid for eksterne søkjararTurnusStillinga er i turnus med arbeid kvar tredje helg, eller turnus med langvakter.
Velferdsteknologi er ein naturleg del av kvardagen vår – no med prosjektet kamerabasert tilsyn.
Arbeidsoppgåver• Utøva helsefaglege oppgåver i samsvar med lovverk, rutinar og kvalitetskrav
• Gje heilskapleg pleie og omsorg
• Samarbeida med pasientar, pårørande, avdelingsleiar og kollegaer
• Dokumentera tenestene vi yter
• Legemiddelhandtering
• Rettleia kollegaer, studentar og elevar
Kvalifikasjonar• Bestått fagbrev som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
• God norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar• Fleksibel og løysingsorientert
• God kommunikasjon- og samarbeidsevner
• Evne til å jobba sjølvstendig, men også som ein del av eit team
Ved tilsetjing legg vi vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr• Tilsetjing etter gjeldande kommunale vilkår (HTA og AML)
• Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring i KLP
• Gode arbeidsvilkår i eit triveleg og støttande arbeidsmiljø
• Dekning av flytteutgifter etter avtale
• Ingen eigedomsskatt for hus, hytter eller næring
• Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage
• Ein region med mykje å by på – sjå Sunnhordlands