← Toutes les offres
GK

Kulturhusleiar

Gullbring kulturhus, Kultur og fritid

Bø I Telemark, Telemark
CDI
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Publié le 10 novembre 2026

Description du poste

Gullbring kulturhus i Bø er den kulturelle storstova i Midt-Telemark kommune og eit hus for folkehelse; ein sosial møteplass og arena for kunst- og kulturlivet, idretten, frivilligheita, skule, helse og utdanning. Vår kulturhusleiar begynner i ny jobb, - difor lyser vi ut stillinga. Midt-Telemark kommunale eigedom AS eig huset og har ansvar for teknisk drift, reinhald og vedlikehald, medan Midt-Telemark kommune leiger heile kultur- og idrettsbygget med uteområde. Kommunen har organisert drifta av kulturhuset som ei avdeling i eining for kultur og fritid. Kulturhusleiar/avdelingsleiar rapporterer til kultursjef/einingsleiar, - og deltar i leiarteamet ved sidan av rektor for kulturskolen og bibliotekleiar. Kulturhuset driv kafé/kiosk, idrettshall, svømmehall/folkebad, kino og arrangement. I tillegg leiger kulturhuset ut lokale til kulturskulen, andre kommunale tenester, frivillige lag og eksterne aktørar. Universitetet i Søraust-Noreg er den største leigetakaren. I 2028 opnar kommunen nytt folkebibliotek i kulturhuset. Kulturhusleiar sitt team som består av fagansvarlege for kino, kafé, folkebad og idrett, arrangementsteknikar og vaktmeister. Gullbring kulturhus har i underkant av 10 årsverk fordelte på heil- og deltidssette og tilkallingsvikarar. Arbeidsoppgåver Ansvarleg for avdelinga sine leveransar innan økonomistyring, personalleiing, HMS og internkontroll Ansvarleg for det samla programtilbodet og profilen til kulturhuset Inngår og følger opp leigeavtalar og kontraktar, og har ei viktig vertsskapsrolle overfor leigetakarar, artistar og publikum Overordna ansvar for planlegging, organisering og gjennomføring av den daglege drifta Prioriterer og følgjer opp tiltak i tett samarbeid med huseigar, basert på interesse og forståing for teknisk drift av kultur- og idrettsbygg Deltek i gjennomføring av arrangement og bidrar ofte i den daglege drifta Kvalifikasjonar Ønska kvalifikasjonar Søkjar har relevant utdanning på minimum bachelornivå innanfor fag som leiing, økonomi, kultur og samfunn Søkjar har kunnskap om kultur, folkehelse, idrett og frivilligheit Ønska kompetanse Søkjar har erfaring ifrå drift av kulturhus basert på omfattande sambruk, eller ifrå tilsvarande verksemd Søkjar har erfaring med og dokumenterte resultat ifrå leiing, økonomistyring, internkontroll og teamarbeid i offentleg sektor Søkjar har erfaring ifrå offentleg forvaltning og kommunal saksbehandling Personlege eigenskapar Strategisk og handlekraftig med evne til å sjå heilheit og samanhengar Strukturert og løysingsorientert med vilje til endring og utvikling Trygg i krevande beslutningar og aktuelle omstillingsprosessar Evne til å bygge trygge relasjonar med medarbeidarar og kollegaer, og med samarbeidspartnarar, leigetakarar og publikum Kommuniserer tillitsfullt, opent og ærleg Samarbeider til det beste for fellesskapet og for samfunnsoppdraget Dette er personlege eigenskapar som vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr Introduksjonsprogram for nye ledere i Midt-Telemark kommune Lønn etter avtale Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. Kontaktinformasjon Hilde Kristine Pedersen, Einingsleiar, +47 95704048 Arbeidsstad Gullbringvegen 34 3800 Bø i Telemark Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5178011340 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.11.2026