← Toutes les offres
GS

Vikariat, fagarbeider 58% på Rubinstep

Gvarv skole, Rubinstep

Gvarv, Telemark
CDD
Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Publié le 12 novembre 2026

Description du poste

Velkomen til Gvarv skule, avdeling Rubinstep. Rubinstep er ein forsterka eining med skule- og SFO-tilbod for barn med ulike funksjonsvariasjonar i Midt-Telemark kommune. Rubinstep er eit tilbod for grunnskuleelevar (1.-7. trinn) som har behov for individuelt tilrettelagt opplæring. Elevane på Rubinstep har ulike funksjonsvariasjonar og har behov for tettare oppfølging i kvardagen sin. På bakgrunn av dette treng dei eit strukturert skuletilbod som tilpassast individuelt til kvar enkelt elev! Elevane som har sitt skoletilbod knytt til Rubinstep har også tilhøyring i ein ordinær klasse ved skulen og deltar i klassen i varierande grad etter føresetnader og behov. Det skal arbeidast kontinuerleg med inkludering og dagleg samarbeid med elevane sine klassetrinn og SFO. I tillegg har avdelinga eigne samlingar og aktivitetar, arbeidsøkter, fysisk aktivitet, ADL-trening og turar i nærmiljøet, m.m. På Rubinstep arbeider vi i fagrupper rundt kvar enkelt elev (pedagog/spesialpedagog, primærkontakt og fagarbeider 1-2), der vi tar utgangspunkt i den enkelte elevs ressursar og moglegheiter. Det vil alltid arbeidast for å gi elevane best mogleg vilkår for optimal livskvalitet, kommunikasjon, samspel og deltaking i sitt eige liv. Stillinga gjelder både SFO og skoledelen på Rubinstep, Gvarv skole. Arbeidsoppgåver På Rubinstep vil du møte følgende arbeidsoppgaver: Ansvar for samarbeid i elevenes faggruppe(r), både faglig og sosialt. Oppfølging av enkeltelev i skole og SFO, arbeide ut fra sakkyndig vurdering og IOP i samarbeid med pedagog, team og avdelingsleder. Veilede enkeltelever, familie og andre tilsette. Samarbeide med og veilede andre tilsette i faggruppa rundt elevane. Tilrettelegging av miljøet for å etablere gode og strukturerte opplæringssituasjonar. Delta i samarbeid med institusjonar og andre aktuelle instansar rundt elevane, også kontaktlærarar i elevane sine ordinære klasse og SFO. Utføre nødvendig pleie og stell. Arbeide etter SFO sin rammeplan. Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar Krav om fagbrev som barne- og ungdomsarbeider / spesialpedagog Aktuell erfaring som assistent i skole /barnehage kan kompensere for utdanningskravet. Ønska kompetanse Søkjar bør kunne meistre begge målformer Erfaring med ASK, tegn til tale Gode digitale ferdigheter Evt. anna relevant kompetanse Særskilde krav Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. Personlege eigenskapar Vi ønsker deg som: Er engasjert, tålmodig og omsorgsfull, og trivst med å jobbe med menneske. Er god til å etablere nær tilknyting og trygg relasjon med barn. Er ein varm og sensitiv vaksen og likar å vere i leik og aktivitet uansett ver. Er synleg, tydeleg og motiverande for at elevane skal ha ei best mogleg kvardag. Ser elevane sitt behov, er kreativ, løysingsorientert og lojal. Ser kva som må gjerast og tar initiativ til å løyse ulike arbeidsoppgåver, både sjølvstendig og i team (faggruppe). Er open for læring, råd og rettleiing og bidrar aktivt med konstruktive innspel. Er motivert og engasjert når du er på jobb. Er fleksibel, presis og påliteleg. Må påberekne omdisponering til skule og SFO ved behov. Kan vere robust, og klare å stå i utfordrande situasjonar. Evne til å mestre ein hektisk kvardag. Aktiv og positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar vektlegast. Vi tilbyr E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. Kontaktinformasjon Cecilie Støa Andersen, Avdelingsleder SFO og Rubinstep, +47 97490759, cest24122@mt.kommune.no Arbeidsstad Tinghaugvegen 1 3810 Gvarv Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5198512452 Stillingsprosent: 58% Vikar Startdato: 01.03.2027 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 25.11.2026