← Toutes les offres
VS

Sjukepleiarstudent på 3. året?

Valen sjukehus

Valen, Vestland
Temps partiel
Publié le 2 août 2026 · Valable jusqu'au 31 décembre 2026

No time to apply? Tired of job hunting?

No problem: JobSpeeder applies for you.

JobSpeeder, a job search assistant, spots new “Sjukepleiarstudent på 3. året” openings around Valen every day and sends your application for you, with your CV. Evenings, weekends, the days you've run out of energy: it keeps going.

  • You choose the job, country, city and contract type.
  • You sleep, it applies. Every application sent is listed in your account.
  • Free to start: up to 10 applications a month.
Start my automatic applicationsfor “Sjukepleiarstudent på 3. året”

Description du poste

Då er dette ein smart måte å starte karrieren på.

Hos oss får du 30 000 kr i stipend, jobb ved sida av studiet og erfaring frå sjukehus medan du framleis studerer. Du blir del av eit fagmiljø, får opplæring og kjem tett på pasientane i ein trygg ramme.

  • Du jobbar helger og 5 veker i sommarferien, og vi prøver å tilpasse turnusen til studiekvardagen din. Vel fagområde du er nysgjerrig på – medisin, kirurgi eller psykisk helsevern.
  • Vi tilset fortløpande – så ikkje vent med å søkje.

Kva går jobben ut på?

Hos oss får du mellom anna

  • ta del i den daglege behandlinga og pleia – og er tett på pasientane
  • bli ein del av det tverrfaglege teamet som samarbeider om pasientane – kvar dag

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Du er 3. års sjukepleiarstudent.
  • Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som

  • møter pasientar og kollegaer med respekt, varme og ro
  • trivst med å jobbe tett saman med andre og har eit godt lag med folk
  • tek ansvar og er sjølvstendig
  • er nysgjerrig og liker å lære

Kvifor skal du velje oss?

Jo, for hos oss får du

  • Lønn, stipend og praksis i ett.
  • Verdifull erfaring.
  • Tilhørighet i eit fagleg miljø.
  • Moglegheit til tilpassa arbeidstid etter din studiekvardag.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Gunvor Line Steinsland, HR rådgivar, gunvor.line.steinsland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26

5451 Valen

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5136037072

Stillingsprosent: 0%

Vikariat

Søknadsfrist: 31.12.2026

À propos de Valen sjukehus

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.