Haugaland og Sunnhordland tingrett
Emploi à Haugesund : les 48 offres ouvertes, qui recrute, salairesNo time to apply? Tired of job hunting?
JobSpeeder, a job search assistant, spots new “Vil du ha ei stilling med eit breitt spekter av” openings around Haugesund every day and sends your application for you, with your CV. Evenings, weekends, the days you've run out of energy: it keeps going.
Her vil du raskt få oppgåver innan heile breidda av det juridiske fagfeltet. Nokre dagar behandlar du straffesaker med meddommarar eller tek stilling til spørsmålet om varetektsfengsling. Andre dager brukar du til å førebu og avgjere tvistesaker.
Du får ta i bruk verktøya og metodane du lærte under jusstudiet, og utviklar deg kontinuerlig både som menneske og jurist. Som dommarfullmektig arbeider du sjølvstendig gjennom heile prosessen: frå å førebu sakene til å leie rettsmøta og skrive avgjerdene. Du blir del av eit fellesskap med flinke og hyggelege kollegaer som samarbeidar, støttar og deler kompetanse med kvarandre. I tillegg får du ein fadder som følgjer deg opp fagleg og sosialt.
Arbeidskvardagen er både hektisk og utfordrande. For å trivast i jobben som dommarfullmektig må du kunne setje deg raskt inn i ulike problemstillinger, ta kloke avgjerder og halde tidsrammene. Stillinga som dommarfullmektig er tidsavgrensa til to år, med høve for forlenging i eitt år, jf. domstollova § 55 g.
På www.domstol.no kan du sjå korleis nokre dommarfullmektigar presenterer jobben sin. (legg til lenkje: https://www.domstol.no/no/ledige-stillinger/bli-dommerfullmektig/)
Haugaland og Sunnhordland tingrett rett er lokalisert i Haugesund med rettsstader i Haugesund og på Stord, Domstolen er leidd av ein domstolleiar og har i tillegg ein nestleiar, ein administrasjonssjef, 9 dommarar, 2 dommarfullmektigar, og 16 saksbehandlarar. Du vil med andre ord få eit tverrfagleg arbeidsmiljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. Domstolen omfattar kommunane Bokn, Etne, Haugesund, Karmøy, Sauda, Suldal, Tysvær, Utsira, Vindafjord, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
Arbeidsoppgaver
Kvalifikasjoner
Du må vere norsk statsborger. Uttømmande politiattest vil bli innhenta.
I tillegg til ein jobb som er viktig for både enkeltpersonar og samfunnet får du:
Tilsetjingsvilkår etter hovudtariffavtalen i staten, med startlønn frå om lag kr 590.000,- per år. Lønsutvikling etter tenestetid og avtaleverk.
Frank Schmidt, Domstolleder, 52701400, frank.schmidt@domstol.no
Arbeidsgiver: Haugaland og Sunnhordland tingrett
Referansenr.: 5215639461
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 17.12.2026
$55