← Toutes les offres
Kristiansund N, Møre Og Romsdal
Temps plein
Publié le 23 novembre 2026 · Valable jusqu'au 30 novembre 2026

Seksjonsleiar

Free to start

No time to apply? Tired of job hunting?

No problem: JobSpeeder applies for you.

JobSpeeder, a job search assistant, spots new “Seksjonsleiar” openings around Kristiansund N every day and sends your application for you, with your CV. Evenings, weekends, the days you've run out of energy: it keeps going.

  • You choose the job, country, city and contract type.
  • You sleep, it applies. Every application sent is listed in your account.
  • Free to start: up to 10 applications a month.
Start my automatic applicationsfor “Seksjonsleiar”

Description du poste

Om stillinga

Vil du vere med på å leie ei avdeling i politiet som møter publikum frå alle samfunnslag og gjer ein forskjell for den enkelte? Då kan stillinga som seksjonsleiar ved seksjon for forvaltning og sivil rettspleie i Kristiansund vere noko for deg.Som seksjonsleiar har du personal-, mål- og resultatansvar for seksjonen. Du vil arbeide i eit fagmiljø som brenn for kvalitet, rettstryggleik og service. Du vil ha ansvar for publikumsskranken ved Kristiansund politistasjon, der seksjonen handterer eit breitt spekter av førespurnader frå publikum, mellom anna mottak av søknader om pass og nasjonalt ID-kort. I tillegg vil du leie arbeidet med den sivile rettspleia i Kristiansund namsfogddistrikt, som omfattar heile Nordmøre.

Arbeidskvardagen er prega av høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver, så du må trivast med å ha mange ballar i lufta samstundes. Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt i leiarstillingar.

Oppmøtestad er Kristiansund politistasjon.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi søkjer etter medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Arbeidsoppgåver

  • personal og resultatansvar for 1.linje forvaltning og namsfogdfunksjon
  • ansvar for å følgje opp eininga sine saker, sørgje for høg kvalitet, effektiv ressursutnyttelse, samarbeid og måloppnåelse
  • deltaker i leiargruppa ved geografisk driftseining Nordmøre og Romsdal
  • ansvar for tilrettelegging for pass og ID bestilling for publikum
  • leie og utføre saksbehandling innanfor den sivile rettspleien i Nordmøre
  • deltaker i leiargruppa innafor sivil rettspleie i Møre og Romsdal politidistrikt
  • utvikle godt medarbeidarskap, ønskt kultur og god medarbeidartilfredsheit i eiga eining
  • leggje til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring og sørgje for systematiske forbetringar
  • bidra til samarbeid på tvers av fagområde, seksjonar og geografiske einingar for å sikre gode tenester og effektiv oppgåveløysing
  • kan påleggast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å være kvalifisert

  • relevant høgare utdanning minimum på bachelornivå. Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet.
  • relevant ledererfaring og/eller utdanning innan ledelse
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • vere økonomisk vederheftig. Søkjarar som blir innkalla til intervju må ta med utskrift av kredittinformasjon for å vise at ein ikkje har betalingsmerknadar. Dette kan ein hente ut gratis frå til dømes MinExperian eller Bisnode på nett
  • førarkort klasse B
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jamfør politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga

Det er også ønskeleg med

  • utdanning innan eller erfaring frå sivil rettspleie og forvaltning
  • relevant erfaring frå offentleg forvaltning og/eller saksbehandling
  • juridisk og økonomisk kompetanse eller forståing
  • kunnskap om helse, miljø og sikkerheit (HMS) og statleg regel- og avtaleverk

Personlege eigenskapar

For å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du

  • er medarbeiderorientert og med evne til å motivere, støtte og utvikle medarbeidarar
  • er sjølvstendig og initiativrik med god ev

À propos de Møre og Romsdal Politidistrikt

$55