Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune
No time to apply? Tired of job hunting?
JobSpeeder, a job search assistant, spots new “Tilkallingsvikarar” openings around Vatne every day and sends your application for you, with your CV. Evenings, weekends, the days you've run out of energy: it keeps going.
Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til skog, fjell og fjøre – som blir aktivt brukt gjennom heile året. Barnehagen har 97 barn og 33 tilsette fordelt på fem basar. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement. Visjonen vår er: "Vi gjer kvarandre gode". Per idag er vi lokalisert på gamle Vatne barneskule, i påvente av utbygging i Tennfjord.
Vi treng no fleire tilkallingsvikarar som kan trå til på kort varsel ved sjukdom, ferie og liknande. Dette kan vere for korte eller lengre periodar. Vi søker etter dyktige vikarar som er aktive, leikne, omsorgsfulle og trygge vaksne.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode.
Arbeid med barn i alderen 0-6 år i tråd med barnehagelov og rammeplan for barnehagar, samt kommunen sine retningslinjer.
Den som vert tilsett vil måtte legge fram tilfredstillande politi– og tuberkulinattest.
Personlege eigenskapar
Gro Olsen Jenssen, Styrar, 95199275, gro.olsen.jenssen@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Gjerdebakken 55
6265 Vatne
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5183396589
Stillingsprosent: 0%
Startdato: 14.12.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 14.03.2027
$55