Høgskulen på Vestlandet
Emploi à Bergen : les 268 offres ouvertes, qui recrute, salairesNo time to apply? Tired of job hunting?
JobSpeeder, a job search assistant, spots new “Seniorkonsulent/rådgjevar” openings around Bergen every day and sends your application for you, with your CV. Evenings, weekends, the days you've run out of energy: it keeps going.
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for utvikling av læring og undervisning –Medielab–har ledig ei fast 100% stilling som utviklar/programmerar
Vil du vere med og utvikle framtidas digitale løysingar for utdanning og forsking?Medielabsøker ein dyktig og engasjert utviklar/programmerar til ei fast100% stilling som seniorkonsulent/rådgjevar.
Vi ser etter deg som har praktisk erfaring med programvareutvikling, og som trivst med å arbeide med ulike teknologiar og problemstillingar. Du har erfaring med kunstig intelligens og ny teknologi, og blir motivert av å utvikle løysingar som kan takast i bruk innan utdanning, forsking og innovasjon.
Som utviklar i Medielabblir du ein del av eit kreativt og tverrfagleg miljø. Arbeidsoppgåvene spenner frå utvikling av nettbaserte løysingar og arbeid med databasar til utforsking og implementering av kunstig intelligens og anna ny teknologi.
Du vil delta i ulike delar av utviklings- og produksjonsløpet – frå idé, behovskartlegging og planlegging til utvikling, testing, implementering og ferdig leveranse.
Du må kunne arbeide sjølvstendig, raskt setje deg inn i nye problemstillingar og ta ansvar for eigne oppgåver. Samstundes er det viktig at du samarbeider godt med resten av teamet og med ulike fagmiljø ved HVL.
Arbeidsstaden vil vere campus Bergen, men HVL er ein fleircampusinstitusjon, og noko reiseverksemd må påreknast.
Kvalifikasjonskrav• Fullført bachelorgrad innan IT, informatikk, programvareutvikling eller andre relevante teknologifag.
Ønskte kvalifikasjonar• Erfaring med utvikling eller implementering av løysingar baserte på kunstig intelligens (KI).
Det vil bli lagt stor vekt på motivasjon og personlege eigenskapar.
Stillinga som utviklar/programmerar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1353 - seniorkonsulent/stillingskode 1434- rådgjevar
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søk
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.Medielab er ei eining i Avdeling for utvikling av læring ogundervisning(ALU). Eininga er høgskulen si kompetanseeiningfor digitale medierog teknologi. Vi tilbyr rådgjeving, utvikling og formidling innan undervisning, forsking og innovasjon. Arbeidet vårt omfattar fleirkameraproduksjon, foto, dokumentarfilm, designtenester og utvikling av ny teknologi. Læringslaber vår førstelinjeteneste for hjelp til sjølvhjelp innan ny teknologi på alle campus