← Toutes les offres
TH

Planleggar

Tersan Havyard

Leirvik I Sogn, Vestland
Temps plein
Publié le 13 janvier 2026 · Valable jusqu'au 30 décembre 2026

No time to apply? Tired of job hunting?

No problem: JobSpeeder applies for you.

JobSpeeder, a job search assistant, spots new “Planleggar” openings around Leirvik I Sogn every day and sends your application for you, with your CV. Evenings, weekends, the days you've run out of energy: it keeps going.

  • You choose the job, country, city and contract type.
  • You sleep, it applies. Every application sent is listed in your account.
  • Free to start: up to 10 applications a month.
Start my automatic applicationsfor “Planleggar”

Description du poste

ArbeidsoppgåverSom planleggar hos Tersan Havyard vil du vere ein nøkkelperson i prosjektgjennomføringa. Du bidrar til å skape oversikt, struktur og framdrift på tvers av fag og avdelingar.• Etablere, vedlikehalde og følgje opp prosjektplanar og timebudsjett for dei ulike produksjonsdisiplinane.

  • Utføre trendanalysar og aktivt evaluere framdrift i produksjonen.
  • Rapportere framdrift og timeforbruk i samsvar med byggestatus.
  • Bidra til kontinuerleg forbetring av malar, metodar, prosedyrar og verktøy innan planlegging.
  • Samarbeide tett med prosjektleiarar, avdelingsleiarar og produksjon for å sikre rett styringsinformasjon.
  • Aktivt bidra til samarbeid og sterke relasjonar på tvers av organisasjonen

Kvalifikasjoner• Erfaring som planleggar eller prosjektplanleggar – gjerne frå maritim, fornybar, olje/gass eller bygg/anlegg.

  • Høgare teknisk utdanning er ønskjeleg (relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning).
  • Erfaring med OPC eller andre planleggingsverktøy
  • God forståing for prosjektstyring, framdriftsanalyse og ressursplanlegging.
  • Meget gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar• Proaktiv, strukturert og sjølvgåande.

  • Analytisk og nøyaktig, med evne til å sjå heilskapen i prosjektet.
  • Gode samarbeidsevner og evne til å påverke og støtte andre fagområde.
  • Positiv, løysingsorientert og engasjert i kontinuerleg forbetring

Vi tilbyr• Ei sentral rolle i eit sterkt og tverrfagleg planleggingsteam.

  • Varierte prosjekt i eit internasjonalt skipsverftsmiljø.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og påverknad av arbeidsmetodikk.
  • Konkurransedyktige vilkår og eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.

Stillingen er underlagt VP Production.

Søknadar vil bli vurdert fortløpande.

For meir informasjon kontakt Planleggingssjef Robert Borlaug; 906 27 732

Passar ikkje denne stillinga for deg, men du har likevel lyst å bli ein del av Tersan Havyard ? Me er alltid på jakt etter ny og spanande kompetanse, også dei med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne ein open søknad! Les meir om Tersan Havyard herNyskjerring på korleis det er å bu og arbeide i Hyllestad, les meir her

À propos de Tersan Havyard

Gjennom generasjoner har godt handverk vært vårt varemerke, og våre løsninger reduserer utslipp og øker levetid på skip og utstyr. Med innebygd tørrdokk og 220 løpemeter med kai handterer vi 3-6 prosjekter parallelt av ulike størrelser, fra mindre servicer og vedlikehold til større nybygg