Description du poste
Om stillinga Me søkjer ein engasjert og fagleg interessert vernepleiar til ei 100 % fast stilling ved Røsvikdalen bufellesskap, sentralt i Knarvik. Her blir du ein viktig del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø, der samarbeid, humor og tryggleik er ein naturleg del av kvardagen. Stillinga har arbeid kvar fjerde helg med langvakter og er ledig frå 01.03.27. Om oss Røsvikdalen bufellesskap består av seks leilegheiter med felles stove og kjøkken - eit heime‑miljø for seks personar med utviklingshemming. Her møter du eit stabilt og engasjert personale med heildøgnsbemanning, inkludert sovande nattevakt. Som del av eit tverrfagleg team med vernepleiarar, ergoterapauter, helsefagarbeidarar og assistentar, får du kollegaer som både deler kompetanse og humor i kvardagen! Vi er ein trygg og samansveisa gjeng på sju tilsette som jobbar tett saman for å gje gode, forsvarlege og individuelt tilpassa tenester. Hos oss får du faglege diskusjonar, støtte frå erfarne kollegaer og eit miljø som verkeleg heiar på deg. Arbeidsoppgåver Som vernepleiar hos oss blir du ein sentral del av fagmiljøet og får eit arbeid som betyr mykje - både for deg og for dei du jobbar med. Mijøterapautisk arbeid der ein jobbe målretta, skapar tryggleik, utvikling og struktur. Oppfølging av vedtak HOL kap 9 Legemiddelhåndtering, som å ha medisinsk‑fagleg ansvar og samarbeide tett med lege og spesialisthelsetenesta. Bidra til positiv arbeidsmiljø. Du vil vere primærkontakt. Rettleie kollegaer og bidra til eit felles fagleg løft. Utarbeide, implementere og evaluere tiltaksplanar. Bidra inn mot andre bufellesskap ved behov. Dette er ein rolle der du får bruke heile verktøykassa di - og der du blir ein viktig del av eit større lag! Kompetanse Autorisert vernepleiar Praktisk erfaring med målretta miljøarbeid Erfaring frå arbeid med kap.9 Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Førarkort klasse B Kven er du? Vi søker deg som: Har sterke relasjonelle ferdigheiter og evne til å bygge tillit over tid Er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek gjennomtenkte avgjerder under press Kommuniserer godt og forstår kor viktig både små og store augneblinkar er for relasjonsbygging Ser moglegheiter der andre ser utfordringar, og tek med deg løysingsorientert tankesett i kvardagen Reflekterer både etisk og fagleg over komplekse problemstillingar Er fleksibel, tilpassingsdyktig og held fokus på gode løysingar Bidrar aktivt til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø Vi ser etter deg som er tolmodig, engasjert, motiverande og positiv Du er initiativrik, har eit ekte engasjement for brukargruppa, og meistrar både samarbeid og sjølvstendig arbeid Me tilbyr Ein meiningsfull jobb i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag Oppfølging og rettleiing Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid Løn for vernepleiarar frå kr 545 400 til kr 639 900, med eit lokalt tillegg på kr 9 000 utover sentral garantiløn God pensjonsordning i KLP Gratis parkering Me er ein organisasjon i læring! Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede Om Habiliteringstenesta Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/ utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.