Ønsker du ein varierande og spennande arbeidskvardag? Nå har me ledig heile 10 stillingar på helg. Nokon studentar har flytta og sagt opp og så har me i tillegg oppretta nokon nye stillingar på helg i forbindelse med ny årsturnus for 2027. Heimetjenesta i Midt-Telemark er ei avdeling inndelt i 3 soner, Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har me team som skal jobbe målretta med «kva er viktig for deg» som pasient i ulike fagfelt som demens, sår, kreft, innsatsteam og sjukepleiar-prosedyrar. Innsatsteamet hjelper pasientar som i periodar treng meir oppfølging for å klare seg mest mogleg sjølve. Me samarbeider på tvers av sonane og fleire ansatte arbeidar i fleire soner. I tillegg til å gje tenestar i private heimar på bygda har me også ansvar for omsorgsbustadar. Arbeidsoppgåver Helsetenester og oppfylging av pasientar Samarbeid med pårørande Dokumentasjon Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjonar Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg, minimum B1 nivå Førerkort klasse B Ønska kompetanse Helsefagarbeider Erfaring frå helseteneste God kjennskap til bruk av pc/nettbrett/mobil som verktøy, jf. dokumentasjonsplikt Særskilde krav Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4, . Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. Personlege eigenskapar Har evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Du må ha godt humør og inneha ein positiv innstilling samt tolmodige til å kunne tole psykiske og fysiske krevjande utfordringar Evne til å ivareta og bidra til eit god arbeidsmiljø Personlege eigenskapar vektleggast Vi tilbyr E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. Kontaktinformasjon Elisabeth Josefsen-Reisjå, Avdelingsleiar, +47 99358302 Arbeidsstad Gamleveg 46 3802 Bø i Telemark Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5196959205 Stillingsprosent: 22% Fast Søknadsfrist: 30.11.2026