Yrkesmedisinsk avdeling/ Hyperbarmedisin, Helse Bergen HF
Emploi à Bergen : les 268 offres ouvertes, qui recrute, salairesNo time to apply? Tired of job hunting?
JobSpeeder, a job search assistant, spots new “Overlege hyperbarmedisin” openings around Bergen every day and sends your application for you, with your CV. Evenings, weekends, the days you've run out of energy: it keeps going.
100% fast stilling for overlege er ledig ved Seksjon for hyperbarmedisin. Seksjon for hyperbarmedisin er ein del av Yrkesmedisinsk avdeling og er lokalisert i underetasjen i Konrad Birkhaugs hus på Haukeland universitetssjukehus. Vi er ein poliklinikk som har nasjonal behandlingsteneste for elektiv hyperbar oksygenbehandling (HBO) og nasjonal behandlingsteneste for yrkesmedisinsk utgreiing av yrkesdykkarar. Elektive indikasjonar er stråleskadar i hovud-/ halsregion eller bekkenregionen, kroniske sår i stråla vevnad eller kroniske diabetiske fotsår med mikroangiopati og kronisk behandlingsrefraktær osteomyelitt. Dei elektive pasientane får poliklinisk seriebehandling i trykkammer fem dager per veke i seks veker. Poliklinikken har åpningstid frå kl 07:30-16:30. Seksjonen besørger og øyeblikkeleg hjelp HBO i helseregion vest og midt-Noreg. Dei vanlegaste indikasjonane for øyeblikkeleg hjelp HBO er dykkarsjuke, nekrotiserande mjukvevnadsinfeksjonar, akutt idiopatisk høyretap, gassemboliar og kullosintox. Det er tre overlegar som jobber ved poliklinikken. I tillegg er det tre overlegar og ni trykkammeroperatørar som kun har vaktteneste (dykkelegevakt). Utgreiing av yrkesskade hos yrkedykkarar skjer i samarbeid med Arbeidsmedisinsk seksjon og ØNH/Balanselaboratoriet. Det gis stedlig opplæring i operasjon av trykkamre og Sjøforsvarets kurs for dykkerleger dersom søkar ikkje har dette. Arbeidsoppgåver Mottak og oppfølging av elektive polikliniske pasientar gjennom pasientforløpet i samarbeid med sjukepleiartenesta som opererer trykkamra. Dette utgjer hovudtyngda av arbeidsoppgåvene Utgreiing av yrkesskade hos yrkesdykkarar er ein liten del av arbeidsoppgåvene Vurdering av tilvisingar utgjer og ein stor del av arbeidsoppgåvene Operasjon av trykkammer i samarbeid med andre overlegar eller kammeroperatørar Behandling av intensivpasient på respirator i trykkammer i samarbeid med anestesilege Delta i pågåande kliniske forskingsprosjekt eller utvikle eigne Undervising i relevante fora 6-delt beredskapsvakt som dykkemedisinsk lege Kvalifikasjonar Spesialist i relevant klinisk spesialitet (Onkologi, Indremedisin, Gynekologi, Kirurgi, Nevrologi, Allmennmedisin, Anestesiologi, ØNH) Sertifisert dykkelege (intern opplæring og sertifisering vil bli gitt) Erfaring med hyperbar oksygenbehandling er ein fordel, men ikkje ein føresetnad for å kunne søke stillinga Norsk autorisasjon Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare, både munnleg og skriftleg God teknisk innsikt God forståing for fysikk Personlege eigenskapar Du er punktleg og påliteleg og på tilbodssida Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø Du har godt humør Vi tilbyr Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø Spisskompetanse på eit lite fagfelt Deltaking i forskingsprosjekt Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Guro Vaagbø, Seksjonsleiar, 91569011 Arbeidsstad Haukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5209051547 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.12.2026