Haugesund sjukehus
Emploi à Haugesund : les 48 offres ouvertes, qui recrute, salairesNo time to apply? Tired of job hunting?
JobSpeeder, a job search assistant, spots new “Sjukepleiar til kreftpoliklinikken vår” openings around Haugesund every day and sends your application for you, with your CV. Evenings, weekends, the days you've run out of energy: it keeps going.
Likar du å jobbe sjølvstendig, lære noko nytt og ha kollegaer som stiller opp for kvarandre? Då vil vi gjerne bli kjende med deg!På kreftpoliklinikken ved Haugesund sjukehus får du ein arbeidsdag der både fagkunnskapen din og møtet med menneske betyr mykje. Du følgjer opp pasientar i ulike fasar av kreftsjukdommen. Nokre får behandling for å bli friske, andre for å kunne leve best mogleg med sjukdommen. Felles for dei er at dei treng sjukepleiarar som er fagleg trygge, lyttar og ser mennesket bak diagnosen.
Kreftbehandling er eit fagfelt i stadig utvikling, og hos oss lærer vi noko nytt heile tida. Du får ansvar, men står ikkje åleine. Her er terskelen låg for å stille spørsmål, og vi deler kunnskap og hjelper kvarandre når det trengst.
Og no skjer det mykje hos oss! I 2027 flyttar kreftpoliklinikken og sengeposten inn i ei ny, felles kreftavdeling. Då får vi legar, palliativt team og kollegaer frå sengeposten tettare på oss i kvardagen. Det gir betre høve til å samarbeide, dele kunnskap og bli kjende på tvers, både fagleg og sosialt. Vi er ei avdeling i vekst, og du får høve til å bidra med idear og erfaringar når vi utviklar måten vi jobbar på.
Du arbeider hovudsakleg på kreftpoliklinikken, med arbeid på sengepost kvar fjerde helg.
Høyrest dette ut som ein jobb for deg? Då håpar vi du søker!Vikariatet varer etter planen til midten av desember 2027, og det kan bli aktuelt med forlenging. Vi kan òg vurdere lågare stillingsprosent, ned til 70 %.
Kva går jobben ut på?
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Kva ser vi etter hos deg?
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Kvifor skal du velje oss?
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Elisabeth Hystad, Konstituert funksjonsleiar, 41870956, elisabeth.hystad@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5216491101
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 04.01.2027
Helse Fonna har rundt 4500 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.