Universitetet i Bergen
Emploi à Bergen : les 268 offres ouvertes, qui recrute, salairesNo time to apply? Tired of job hunting?
JobSpeeder, a job search assistant, spots new “Førsteamanuensis i allmennmedisin (20% ekstraerverv)” openings around Bergen every day and sends your application for you, with your CV. Evenings, weekends, the days you've run out of energy: it keeps going.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/LlM1uxJXqBQ?si=p0jl8Ea22p5PjcAbFørsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i allmendisin
Ved Det medisinske fakultet er det ledig en åremålsstilling som førsteamanuensis (20% ekstraerverv) i allmennmedisin i fire (4) år ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, knytt til Vestlandlegen, med arbeidsplass Campus Stavanger.
Stillinga er knytt til relevant stilling som allmennlege/lege i primærhelsetenesta (minimum 50 %). Vi søker etter ein lege med bred klinisk erfaring frå arbeid som fastlege eller sjukeheimslege.
Vi ser etter motiverte fagfolk som ynskjer å ta del i utdanninga av gode, framtidige lege-kollegaer. Undervisinga er først og fremst knytt til profesjonsstudiet i medisin, nærare bestemt Fagområdet for allmennmedisin (FAM). Det kan óg verte aktuelt at den som vert tilsett går inn i undervisninga innafor andre studieprogram som høyrer til under fakultetet, etter instituttet/fakultetet sine behov. Det vert forventa høg kvalitet i undervisningsarbeidet. Stillinga gir moglegheit for eiga forsking
Kvalifiserte søkjarar må:• ha norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse,
Det er ei føremon om søkjarar har:• erfaring med undervisning, på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanninger
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til professor og leiar for Fagområde for allmennmedisin Øystein Hetlevik (E-post: oystein.hetlevik@uib.no) tlf. 90077175. For HR-relevante spø
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.