Barne- og ungdomsklinikken/ Energisenteret for barn og unge, Helse Bergen HF
Emploi à Bergen : les 268 offres ouvertes, qui recrute, salairesNo time to apply? Tired of job hunting?
JobSpeeder, a job search assistant, spots new “Energikonsulent” openings around Bergen every day and sends your application for you, with your CV. Evenings, weekends, the days you've run out of energy: it keeps going.
Energisenteret for barn og unge (Energisenteret) skal vere knutepunktet for fysisk aktivitet for barn og unge med særskilde behov, og huser aktivitet på tvers av klinikkar og avdelingar på Haukeland universitetssjukehus. I senteret er eit mål at barn og unge skal få lyst til å vere fysisk aktive, trivast på trening og oppleve fellesskap med kvarandre. Alle som har relasjon eller oppgåver knytt til primærbrukarar kan også nytta senteret. Det kan vere familie, venner, helsepersonell, brukargruppar, idrettslag, lærarar, trenarar, forskarar og studentar. Senteret skal invitere til samarbeid med kommunale etatar, idrettslag, pasientorganisasjonar og forskingsmiljø. No har vi ledig 20% fast stilling som Energikonsulent. Oppstart 04.01.2027. Ein Energikonsulent skal gje barn og unge tilknytta sjukehuset auka moglegheit for fysisk aktivitet og meistring individuelt eller saman med jamnaldrande. Primæroppgåva er å møte pasient og føresette i konsultasjon, finne og kontakte aktuelt idrettstilbod i deira nærmiljø og ved behov følge ut i aktivitetstilbodet ei kort periode. Energikonsulent er eit tilbod på tvers av somatikk og psykiatri, og du må evne å møte barn, unge og vaksne i ein sårbar situasjon. Periodevis må det påreknast andre oppgåvar innanfor stillingsprosent, og det vil vere mogleg å ta på seg ledige vaktar som basseng- og kinovert. Du vil mellom anna jobbe i team med ein koordinator og to andre Energikonsulentar. Det må påreknast arbeid på ettermiddag/kveld for oppfølging av aktivitetar. Gyldig politiattest må framleggast før tiltreding. Tilstrekkelig med opplæring vil bli gitt. Arbeidsoppgåver Pasientoppfølging som beskrive over Rapportering og oppfølging i journal Vere tilgjengeleg for aktuelle fagmiljø innan somatikk og psykatri Forefallande arbeid på senteret ved kapasitet Kvalifikasjonar Det er ein fordel med arbeidserfaring frå helsetenesta og/eller idretten Det er ønskeleg med 180 studiepoeng (bachelorgrad) innan helse-/sosialfaglege eller idrettsfaglege emne Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge Personlege eigenskapar Evne til å møte barn, unge og deira foreldre med varme og respekt Initiativrik, ansvarsfull og evne til å arbeide sjølvstendig Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Evne til å motivere og begeistre Trivast med fysisk aktivitet Personleg eignaheit vil verte vektlagt Vi tilbyr Lønn iht gjeldande overeinskomst Ein spennande og utfordrande jobb i eit aktivt miljø med ulike pasient- og yrkesgruppe Moglegheit for å påverke framtidast pasientbehandling i skjæringspunktet mellom sjukehus, kommune og idrett Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Connie Mjåtvedt Aspevoll, Assisterande seksjonsleiar, 98414708 Arbeidsstad Haukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5215137325 Stillingsprosent: 20% Fast Søknadsfrist: 09.12.2026