DØGNSEKSJON PHBU OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Emploi à Ålesund : les 123 offres ouvertes, qui recrute, salairesOverlege barne- og ungdomspsykiatri
Free to start
No time to apply? Tired of job hunting?
JobSpeeder, a job search assistant, spots new “Overlege barne- og ungdomspsykiatri” openings around Ålesund every day and sends your application for you, with your CV. Evenings, weekends, the days you've run out of energy: it keeps going.
Vi har ledig eit års vikariat for spesialist i barne- og ungdomspsykiatri ved døgneininga i Ålesund. Oppstart 4 januar eller etter avtale.Vi er på jakt etter en dyktig og engasjert spesialist i barne- og ungdomspsykiatri, med evne til å jobbe både sjølvstendig og i team. Vi ser etter deg som innehar ein høg fagleg standard og gode relasjonelle ferdigheiter. Du er fleksibel, strukturert og initiativrik. Hos oss blir du del av eit fagleg godt fellesskap, og vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit trivelig arbeidsmiljø.
Døgneininga vår er saman med dei 4 poliklinikkane i fylket det som utgjer psykisk helsevern for barn og ungdom. Eininga i Ålesund har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. Vi er samlokalisert med poliklinikken i Ålesund og arbeider for eit felles fagmiljø. Ein kan også få oppgåver knytta til poliklinikken. Vi tek imot pasientar med alvorlige psykiske lidingar, både til frivillig innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog).
Arbeidsdagane på eininga er varierte, både i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidsmengde, og vi kan ha rolegare periodar der ein har rom for fagleg utvikling. Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten og de vil jobbe tett saman med andre behandlarar og miljøterapeutar. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Å vere personelg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland herKontaktinformasjon
Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, Beate.Olsbo.Nilsen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Geilebergvegen 18
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5215213440
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 09.12.2026
$55