Luster kommune Oppvekst
No time to apply? Tired of job hunting?
JobSpeeder, a job search assistant, spots new “Tilkallingsvikar i barnehage” openings around Gaupne every day and sends your application for you, with your CV. Evenings, weekends, the days you've run out of energy: it keeps going.
Barnehagane i Luster ønskjer fleire tilkallingsvikarar. Likar du å arbeida med barn, og har høve til å ta på deg arbeid av og til? Då vil me gjerne at du tek kontakt med styrar i den enkelte barnehage, eller oppvekstavdelinga i kommunen. Du kan også sende inn søknadsskjemaet og krysse av for kva barnehagar det kan vera aktuelt for deg å jobbe i.
Arbeid i barnehage er variert, interessant og gjevande!
Luster kommune ligg inst i Sognefjorden og er arealmessig blant dei aller største kommunane i Sør-Noreg.
Kommunen rommar både mektige tindar, djupe fjordar og snødekte brear. Folketalet nærmar seg 5500 innbyggjarar. Det er eit allsidig næringsliv med vekt på vasskraftproduksjon, landbruk og bærdyrking, reiseliv og turisme, innovativ profilering- og trykkeriverksemd. Kommunesenteret Gaupne ligg rundt 25 minutt frå regionsenteret Sogndal. Luster har mange levande bygder og aktive lokalsamfunn. Det er eit godt og breitt kommunalt tenestetilbod. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575