← Toutes les offres
FD

Overlege i psykiatri

Folgefonn DPS

Valen, Vestland
Temps plein
Publié le 3 septembre 2026 · Valable jusqu'au 20 décembre 2026

No time to apply? Tired of job hunting?

No problem: JobSpeeder applies for you.

JobSpeeder, a job search assistant, spots new “Overlege i psykiatri” openings around Valen every day and sends your application for you, with your CV. Evenings, weekends, the days you've run out of energy: it keeps going.

  • You choose the job, country, city and contract type.
  • You sleep, it applies. Every application sent is listed in your account.
  • Free to start: up to 10 applications a month.
Start my automatic applicationsfor “Overlege i psykiatri”

Description du poste

  • Vil du vere med og forme framtida innan psykisk helsevern?

Hos Folgefonn DPS blir du ein del av eit levande, inkluderande og tverrfagleg behandlingsmiljø der fagleg kvalitet, samarbeid og utvikling står i sentrum. 💙 Vi tilbyr eit breitt spekter av behandlingstilbod innan psykisk helsevern og rusbehandling (TSB), med lokasjonar på Valen og i Odda. Her møter du eit sterkt fagmiljø med overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, LIS-/ALIS-legar, psykologar under spesialisering og høgskuleutdanna medarbeidarar med vidareutdanning. Saman arbeider vi for å gi innbyggjarane i Kvinnherad og Ullensvang eit godt, heilskapleg og framtidsretta behandlingstilbod.

  • Vi er inne i ei spennande utviklingsfase der vi vidareutviklar både polikliniske tilbod og døgnbehandling. No har vi ei ledig stilling ved Allmennpsykiatrisk poliklinikk, og dette gir deg ei unik moglegheit til å vere med og påverke fagutviklinga, bidra med nye perspektiv og vere ein del av eit miljø som er oppteke av læring, kvalitet og nytenking.
  • Arbeidsplassen vil vere på Valen, anten i poliklinikk eller døgnseksjon. Dersom du ønskjer ein meiningsfull arbeidskvardag med faglege utfordringar, engasjerte kollegaer og gode moglegheiter for vidare utvikling, håpar vi å høyre frå deg.
  • Intervju kan bli gjennomførte fortløpande i utlysningsperioden.

Velkomen til Folgefonn DPS – der fag, utvikling og engasjement møtest!

Kva går jobben ut på?

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar.
  • Tverrfagleg klinisk arbeid i team.
  • Rettleiing og internundervisning.
  • Deltaking i felles bakvaktsordning med Valen sjukehus.
  • Deltaking i samhandling med pårørande og kommunehelsetenestene.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon og godkjent spesialisering i psykiatri.
  • Gode munlege og skriftlege norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du

  • finn løysningar og er strukturert
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • trivst i eit aktivt miljø med varierte utfordingar
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Kvifor skal du velje oss?

  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
  • Kompetanseutvikling og vidareutdanning.
  • Moglegheit for deltaking i prosjekt og kvalitetsutvikling.
  • Sterkt fagleg fellesskap med godt arbeidsmiljø.
  • Moglegheit for å skaffe overgangsbustad.

Kontaktinformasjon

Rolf Christian Mehl, Overlege, 41470958

Maren Elise Skogseth, Avdelingsleder Folgefonn DPS, maren.elise.skogseth@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 13

5451 Valen

Nøkkelinformasjon

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5176053839

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 04.01.2027

Søknadsfrist: 20.12.2026

À propos de Folgefonn DPS

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.