← Toutes les offres
VT

Tannhelsesekretær / klinikkassistent i 100 % stilling – Voss Tannlegesenter

Voss Tannlegesenter

Voss, Vestland
CDI
Helse og sosial
Publié le 18 novembre 2026

Description du poste

Tannhelsesekretær / klinikkassistent i 100 % stilling – Voss Tannlegesenter Vil du vere med på å skape ein trygg, effektiv og hyggeleg kvardag for pasientane våre? Voss Tannlegesenter søkjer ein engasjert, strukturert og serviceinnstilt tannhelsesekretær eller klinikkassistent i 100 % fast stilling Hva vi ser etter Kvalifikasjonar Autorisasjon som tannhelsesekretær er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Søkjarar med annan helsefagleg bakgrunn (t.d. helsesekretær, helsefagarbeidar, apotekteknikar, hjelpepleiar, sjukepleiar) eller relevant arbeidserfaring blir òg oppmoda til å søkje. Litt datakunnskapar og evne til å setje seg inn i digitale system (opplæring blir gitt). Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar Strukturert og påliteleg: Du trivst med faste rutinar, har sans for orden og jobbar nøyaktig. Omsorgsfull og trygg: Du møter vaksne pasientar i alle aldrar -- også dei med tannlegeskrekk -- med ro, venlegheit og profesjonalitet. Effektiv og løysingsorientert: Du held oversikta i ein travel klinikkvardag og ser kva som må gjerast. Gode samarbeidsevner: Du bidreg aktivt til eit godt, kollegialt og inkluderande arbeidsmiljø. Arbeidsoppgaver Hos oss blir du ein nøkkelperson i den daglege drifta, med ein variert arbeidskvardag som kombinerer pasientkontakt i resepsjonen, klinisk assistanse ved stolen og sterilarbeid. Vi søkjer både autoriserte tannhelsesekretærar og kandidatar med annan relevant helsefagleg bakgrunn eller erfaring frå serviceyrke -- grundig opplæring vil bli gitt. Arbeidsoppgåver Klinisk assistanse: Assistere tannlege ved undersøkingar, generell tannbehandling og kirurgiske inngrep, samt klargjering av behandlingsrom. Smittevern og steril: Ansvar for sterilisering av instrument, rutinar på sterilrommet og generelt smittevern på klinikken. Resepsjon og pasientmottak: Ta imot pasientar, handtere telefonførespurnader, timebokstyring, oppgjer og enkel administrasjon. Driftsrutinar: Varebestilling, lagerhald og løpande vedlikehald av utstyret på klinikken. Vi tilbyr Vi tilbyr 100 % stilling med ordna arbeidstilhøve og arbeidstid på dagtid (fri i helgar og på høgtidsdagar). Ein moderne klinikk med fokus på høg fagleg kvalitet og god pasientbehandling. Eit triveleg, uformelt og støttande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer. Grundig opplæring og moglegheit for fagleg utvikling. Konkurransedyktige vilkår etter avtale.